Måndag 9.september 2019 er det kyrkjeval. Du kan stemme over kven som skal vere med i Sauherad og Nes sokneråd og kven som skal vere med i Agder og Telemark bispedømmeråd. Kyrkjevalet skjer samtidig med kommune- og fylkestingsval.
Vallokale er Idunshall på Akkerhaugen og Gvarv smfunnshus. Du kan også stemme ved kyrkjevalet etter gudstenesta i Nes kyrkje søndag 8.september. Vi håpar at du vil prioritere å gi di stemme ved kyrkjevalet.
Dersom du ynskjer å levere inn førehandsstemme kan du komme innom kyrkjekontoret på Nes menighetshus frå 10.august til 6.september i opningstida.
Nominasjonskomitèen for Sauherad og Nes sokneråd har laga ferdig si liste. Ein pdf av lista kan du laste ned HER.
Lista ser slik ut:
1. Tora Skjerkholt Aarnes (59)
2. Åge Bjørnerud (55)
3. renate Øien (50)
4. Sindre Aase (39)
5. Tove Tengesdal (57)
6. Gerd Astrid Grøthe Blaasvær (59)
7. Ragnvald Ask (40)
8. Anne Marie Etholm (61)
9. Gunleik Berget (63)
10.Målfrid N Laskemoen (65)
11.Anne-Mette Granhaugen (34)
12. Kjersti Versto Roheim (56)
For meir informasjon om kyrkjevalet kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller sjå HER.