TWEENS-TIRSDAG


Går du i 4, 5, 6. eller 7. klasse kan du bli med på TWEENS-TIRSDAG på Nes menighetshus tirsdagar etter skulen. 

 

Tweens-tirsdag er eit nystarta trusopplæringstilbod i Sauherad og Nes kyrkjelyd, der vi inviterer alle som går i 4, 5, 6. og 7. klasse til Nes menighetshus etter skulen og fram til 16.30 på tirsdagar. Vi startar opp 14. september, og har åpent 10 tirsdagar før jul, og 12 etter jul.

Vi startar kvar gong med litt mat. Etter det har vi ei lita samling der vi snakkar om ulike tema, eller hører ei forteljing frå Bibelen. I tillegg vil vi ha ulike aktivitetar som bordtennis, biljard, ulike spel, forming, konkuranser og andre ting som vil variere frå gong til gong.

Dersom barna har spesielle behov, må de ta kontakt slik at vi kan løyse det på best mogleg måte. Det er viktig at vi får beskjed slik at vi kan tilrettelegge. Dette gjeld  både fysiske og sosiale forhold, samt allergi -og matintoleranse.

Eigenandel er kr. 250 i semesteret (tilsendt faktura seinare)
Det kostar ingen ting å komme nokre gonger og sjå om du vil fortsette.

Vi følger smittevernreglane og har gode muligheter for håndvask og håndsprit.
Det er viktig å være heime viss du er sjuk eller forkjøla, eller har vore i kontakt med mulig smitte.

Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret på 35 10 11 20 eller til
trusopplærar Signe Vreim Østtveit på 971 82 146.
 

PÅMELDING HER

Tilbake