Ny vikarprest i Bø, Sauherad og Nes


Levi Korsveien er vår nye prestevikar i Bø sokn og i Sauherad og Nes sokn frå 1. juli og fram til 31.12.22

Levi Korsveien er vår nye prestevikar i Bø sokn og i Sauherad og Nes sokn frå 1.juli og fram til 31.12.22. Levi Korsveien er busett på Notodden,  er 35 år og gift med Ndubbunma Oluchi Ndukwe Korsveien som er fastlege ved Gvarv legesenter. Saman har dei ein gut. Levi har mastergrad i økonomi og har i dei siste åra studert teologi ved HTL og MF. Han reknar med å kunne vere ferdig med studiane i løpet av to år med deltidsstudium. Vi ynskjer Levi varmt velkommen og vonar at han blir fast prest og kapellan her etter jul når ny ordning for presteutdanning er godkjent.

Tilbake