Øystein Fidjeland er 26 år, kjem frå Tønsberg og skal ha stiftspraksis som prestevikar i Bø, Sauherad og Nes frå 27. februar til 2. april, Palmesøndag.
Øystein overtar etter prestevikar Ivar Solbu som har vore her etter jul.
Øystein Fidjeland er student ved MF Vitenskapelig Høyskole i Oslo.
Øystein beskriv seg sjølv som ein livsglad person med mykje initiativ. Han har vore aktiv i MF – revyen som var nyleg. Øystein liker godt å gå turar og gler seg til å bli kjent med hyggelege folk i Bø, Sauherad og Nes.
Øystein er svært glad i song og musikk og var i Bø på gutekortur allereie då han gjekk i 6. klasse. Sidan då har han blitt kjent med fleire av Bø sine flotte organistar og prester gjennom korleirar med «Ung Kirkesang». Han syng i dag i gospelkor i Oslo. Øystein har etter vidaregåande gått på Hald Internasjonale Senter, reist til Brasil med Laget (Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag) og vore aktiv i Laget i Oslo.