2. pinsedag, 20. mai blir det pilegrimsvandring mellom Sauherad og Bø.
Saman med Evju Bygdetun, Hørte Dampfarveri, Bø museum og Bø prestegard arrangerer kyrkja i Midt-Telemark den (v)årlege pilegrimsvandringa frå Nes til Bø, 2. pinsedag – 21. mai. Alle er velkomne til ei vandring, kort eller lang, mellom bakkar og berg, gjennom blømande hagar og med snøkledde Lifjell i bakgrunnen.
Programmet for dagen startar med morgonmesser i Nes kyrkje kl 0830 og 0930. Det vil gå buss frå Bø kyrkje via Hørte og Evju med avg frå Bø kl 0800 og 0900. Vandringsruta er den same som før og vil vere godt merka heile vegen.
Så er serveringsatadene oppe i dei tidsromma som står på plakaten. Ved pilegrimsmålet i Bø gamle kyrkje er det messe kvar halvtime mellom kl 15 og 17.
Her kan du laste ned: PILEGRIMSPLAKATEN og KART OVER VANDRERUTA
God vandring!